Treispann

Føreord
Eg oppdaga desse to jentene, Myriam H Bjerkli og Grethe Larsen medan vi skreiv i Agder Litteraturlag. Dei var så flinke og skreiv slik at eg ville freiste å få dei med meg i ein antologi. Den skulle vere sensuell og fin, ei nistepakke å ha med seg på vegen. Brått hadde eg tittelen føre meg: ”Tre i spann – to kvinner og en mann”. Her kunne vi utfordre og inspirere kvarandre til kreativitet – sett kvinne vs. mann i same tema, erotikken, det sensuelle, tolka frå våre sjå-/ståstader. Boka har både nynorsk og bokmåls språkdrakt, mest av det siste, trur eg. Fotografia på omslaget har Myriam teke, retteleg flotte bilete som gjer boka attraktiv. Vil du sjå kva Myriam driv med, kan du klikke deg inn på www.bjerkli.net. Så her kan du berre forsyne deg. Kanskje det vil gi deg glede og optimisme, eit anna, betre syn på dagen og dagane.

Med venleg helsing til deg som lesar
Setesdalsforlaget
Ånund K Homme
– forleggjar